Nå blir homo hverdags i ordbøker også

Mandag 3 september 2018

Skal fornye ordbøkene: No kan gutane også vere gutegalne

Mykje har endra seg sidan ordbøkene kom ut for over tretti år sidan. No skal dei bli reviderte frå første til siste bokstav.

– No skal gutar få lov å vere gutegalne. Det kan vi hermed love at vi skal ordne opp i når vi kjem til bokstaven G.

Det seier Margunn Rauset på telefon frå UiB til framtida.no. Ho er hovudredaktør for eit femårig prosjekt der Bokmålsordboka og Nynorskordboka skal redigerast på nytt.

I dagens nynorskordbok er nemleg gutegalen forklart med «jente: vill etter gutar».

Utdaterte haldningar

Margunn Rauset gler seg til å rydde opp i ordbøkene. Foto: Foto: UiB

– I dette tilfellet er det heilt unødvendig å spesifisere kva kjønn adjektivet blir brukt om, seier Rauset.

– Det er veldig fort blikket til den kvite, middelaldrande heteroen som blir spegla i den gamle ordboka, seier ho.

At det er første gong ordbøkene skal bli grundig redigerte på 30 år, blir spegla i fleire av ordforklaringane i dei eksisterande bøkene.

Japs og kinamann

I begge dei gamle ordbøkene blir oppslagsordet kinamann forklart som «spøkefullt/skjemtande: kineser», og ein japs i bokmålsordboka er forklart som «spøkefullt: kortord for japaner».

– Eg er ikkje sikkert på om det opplevast som så veldig skjemtande for ein som blir omtala som det.

– Å omtale ein japaner som japs var kanskje greitt for 30 år sidan, men ikkje i dag. Kor gøy er det, liksom?, seier Rauset.

– Eg er veldig glad for at vi no er i gang, og at vi får anledning til å opne opp litt i den type problematikk, seier ho.

Søt jente og modig gut

Tidlegare har framtida.no skrive om at ordforklaringar i ordbøkene speglar og reproduserer haldningar til kjønn. Døme som at jente blir forklart med «Ei søt jente», og at modig blir forklart med «ein modig gut».

« Problemet er at vi reproduserer forventningar om korleis jenter og gutar skal oppføre seg, ofte heilt umedvite», skreiv artikkelforfattaren da.

– Eg er så hjartans einig, seier redaktøren for dei nye ordbøkene.

– Det er viktig at vi som ordbokredaktørar har med oss det perspektivet, og at vi prøver å jamne ut noko av ubalansen som er.

Ikkje tilfeldig

Ho legg til at det likevel ikkje er tilfeldig at eksempla er som dei er.

– Ordbøker har jo med rette vorte kritiserte for å representere stereotypiar. Dessverre blir mannen ofte den som handlar, tar initiativ, og er sterk. Og kvinner blir framstilte meir passive, tilbakelente og stillferdige. Noko som på ein måte reflekterer språkbruken der ute.

– I den grad det er mogleg er det noko vi vil vere bevisste på. At ein kan endre på kven det er som speler fotball i ordforklaringa. Det kan like gjerne vere jenter som gutar.

Viktig å spegle korleis orda faktisk blir brukte

– Likevel skal ein ikkje berre tenke at alt skal vere nøytralt, for språkbruken er ikkje nøytral i mange tilfelle, seier Rauset.

At mange nye statsborgarar bruker ordboka for å bli kjent med både språket og kulturen vår, er ein faktor. Da er det viktig at forklaringane speglar korleis orda faktisk blir brukte.

– Folk slår opp orda i ordboka for å lære korleis det blir brukt. Så det er ikkje alltid riktig å presentere ord som nøytrale, seier ho.

Vanskeleg ord på F

Og nokre ord er rett og slett knytta til kjønn. Redaktøren gir eit eksempel der ein ung person nedsettande blir omtalt som eit kjønnsorgan.

– Da blir det naturleg at ei kvinne blir omtalt som «fitte», og ein gut som «kuk». Ein kan jo diskutere om det er språkbruk som skal vere inne i ordboka i det heile, seier ho.

Ho angrar fort på at ho tok opp problemstillinga i det heile.

– Det er frykteleg vanskeleg, fordi det er ikkje noko ein har lyst til å sette inn i ei ordbok som eit ord som blir brukt om ein person. Men det er ikkje til å stikke under ein stol at det òg er ein del av språket.

Bokstav for bokstav fram til 2023

Heldigvis er det lang tid til redaksjonen kjem til bokstaven F.

– Når det er sagt, er ordbøkene ikkje lovbøker som fortel kva som er greitt og ikkje i verda. Målet vårt er å gjere greie for typisk språkbruk, ikkje formidle korleis ordbokredaktørane meiner språket og verda burde vere, seier Rauset.

– Og når kan vi vente at gutane får lov å vere gutegalne, også i ordboka?

– Vi har ein plan, og veit nøyaktig kva som skal produserast kvart år. Hausten 2019 har vi kome til G, seier Rauset.

Dei første nye orda blir presenterte i starten av 2019. Heile ordboka skal etter planen vere ferdig redigert i 2023.

Min kommentar til dette er :

All ny teknologi og annet som er koblet til dette og nye ord i kommunikasjonen som unge bruker må inn, samt el del annet. Men Homolobbyen har vunnet seire her, og gjør boken uverdig for kristne!. Homofili praksis er synd og skal ikke inn i en bok til folket! Norge blir avkristnet og satanistiske! Men dette står i Åpenbaringen alt sammen!
Å forvirre unge med dette er satanistisk og fører til åndelig død. Samkvemet mellom mann og kvinne er hellig faktisk, alt annet er av Satans lyst.

Sorry, men sannheten må fram!